Anne Margrethe Eidhammer ved bunkersen på Fikse i Ølen, som ligg like i hennar nabolag.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Anne Margrethe Eidhammer ved bunkersen på Fikse i Ølen, som ligg like i hennar nabolag.

Debatt

Refleksjonar kring krigsutbrotet 1940 – Kan me læra noko av fortida?

I dag skriv me året 2020 og har i 75 år fått leva i fred, etter fem år med okkupasjon og krig her i landet. Skrekken sit enno att i dei som opplevde at tyskarane invaderte Noreg den 9. april 1940. Her i våre bygder fekk ein fyrst oppleva uniformerte tyskarar kring 25. april, med trefningar og dødsfall rett nedanfor stovedøra mi. Noko som skræmde folket både i Ølen og Etne. Naziføraren Adolf Hitler fekk stor oppslutnad i det tyske folket, og ved sine evne gjennom manipulerande talar, fekk han dei til å tru at dei kunne vinna verdskrigen over alle folk og oppnå verdsherredøme. Det eg har hug å formidla er at mange av dei unge tyskarane som kom til landet, var utkommanderte soldatar frå heimar i Tyskland, og stod ikkje klare til å skyta oss nordmenn. Men, hadde ordre om at sette me oss i mot, måtte dei bruka skyts, som eg har skrive om i Segn og Soge i 2015, og no i Historisk Årbok, Rogaland i 2020, og i Etne Sogelag si Årbok 2020. Etter at ein tysk ordonnans vart skoten og drepen her på Fikse, kunne det verkeleg gått gale for båe bygdene Ølen og Etne. Men, ein fekk i stand ein fredeleg avtale om å overgje seg; og nordmennene fekk gå kvar til sitt. Me var okkuperte utan at nordmenn då vart drepne.

Fiendar er også menneske

Når me i dag veit at mange folkeslag lever i krig med tortur, svolt og på flukt, er det vanskeleg for mange av oss her i Noreg å skjøna og tru korleis menneske frå ei framand makt kunne koma til eit fredeleg land og ta seg til rette med vald og tortur. Men, som ein i ettertid har sett at det same landet, på alle måtar, med ei anna styresmakt, har prøvd å gjera godt for overgrepa, menneska under Hitler var i stand til å gjera mot uskuldige menneske. Dette i alle landa han invaderte og okkuperte. Det har blitt ei forsoning og eg tenkjer på kvar det vart av alle falne fiendar» som mista livet. Alle menneske har krav på ei grav, og eg har no ved hjelp av Tor Jan Stokkedal, forfattar av MINNESMERKER fra 2. verdenskrig og de som døde i Rogaland», fått vita om gravplassen til falne tyskarar som mista livet i Noreg. Han har funne fram til tyskaren som døydde under trefninga den 25. april og ligg gravlagd ved Havstein krigskirkegård i Trøndelag. Det var den 27 år gamle Hermann Simon f.29.03.1913 som døydde 25.04.1940. Dette står i boka Glimt fra okkupasjonen Bind 3. HÅPLØS KAMP April 1940. Da krigen kom til Rogaland» av Militærhistorisk Forening Rogaland. Det hadde vore naturleg at me her i Vindafjord hadde føydd namnet til tyskaren på informasjonstavla oppe ved bunkersane på Fikse, då me har skrive historia frå krigsdagane både på norsk, engelsk og tysk. Den andre unge tyskaren som tok livet sitt her på Fikse, utafor bunkersane, er det ikkje funne noko namn eller grav til. Det som hende her er historisk og den einaste krigshandlinga her på bygdene dei fyrste dagane av krigen. Ein burde gjera noko med det som vantar, eit kringlesymbol» nede ved vegen, som peikar opp på bunkersane og oppslagstavla her på Fikse.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS