Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Vigdis Madssen utfordrar Etne kommune til å ta eit oppgjer med helsetenestene i sommarvekene. Sjølv måtte ho bruka ti timar på å skaffa seg hjelp då ho fekk intense smerter i ansiktet. Foto: Grethe Hopland Ravn
Vigdis Madssen.

Debatt

Raudt seier nei til Statnett sine monstermasteplanar!

NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) har invitert til ei offentleg høyring fram til 16. januar neste år om Statnett sin søknad om å byggje ei ny 420 kV kraftlinje på Vestlandet. Denne skal etter denne planen gå i luftspenn frå Sauda via Etne til Blåfalli i Kvinnherad og vidare gjennom Ullensvang, Kvam, Samnanger, Vaksdal, Osterøy, Alver og Askøy til Kollsnes i Øygarden.

NVE saman med Statnett har arrangert folkemøter i desse kommunane om konsesjonssøknaden. Mange engasjerte folk har stilt opp. Det har vore mange kritiske røyster til desse planane. Partiet Raudt har og deltatt med lokale representantar på desse folkemøtene og har fylgjande kommentarar:

  1. Raudt etterlyser ein nærare dokumentasjon frå Statnett og oppdragsgjevaren Energidepartementet om det reelle samfunnsøkonomiske behovet for å byggje desse nye linjene til mange milliardar kroner. Vi krev svar på fylgjande spørsmål: Skal linjene levere vasskraft til elektrifisering av sokkelen? Kva slags konkrete industrieventyr langs kysten er det behov om å levere meir straum til? Kva blir konsekvensane for den kraftforedlande industrien og anna næringsliv i indre strøk for denne kraftoverføringa til kysten og ut i Nordsjøen? Kva vil kommunane langs denne traseen site att med?
  2. Raudt etterlyser ei alternativ vurdering og grundige, uhilda utgreiingar av linjetrasear som er meir skånsame utifrå natur, miljø- og friluftsinteresser og kulturminner.
  3. Raudt etterlyser grundige, uhilda utgreiingar av linjekablar i jord, sjø og fjell istadenfor luftspenn på heile eller deler av denne strekninga og alternative økonomiske utrekningar utifrå framtidig vedlikehaldsbehov og eit livsynsperspektiv.
  4. Statnett nytta jordkabel i Bærumsområdet. Det bør kunne danne presedens for denne typer linjeutbyggjing.
  5. Det enklaste og kortaste vegen for deler av denne linjeutbyggjinga går via Bergen (alternativ 1). At dette alternativet er det kortaste,vil påverke kostnaden ved denne utbygginga, samt at det vil spare store områder av fri, urørd natur og naturreservater. Frå eit samfunnsnyttig perspektiv er dette alternativet langt å foretrekke framfor rasering av store natur og friluftsområder slik dei alternative traseene vil forårsake.
  6. Raudt vil utfordre Statnett til å klargjere om det vil bli stilt krav om at det skal vere norske leverandørar med landsdekkande norske tariffavtalar som skal utføre byggjing av denne linja. Vi vil minne om at då Statnett bygde dei omstridte monstermastene gjennom Hardanger frå Sima i Eidfjord for eindel år sidan, vart ein stor del av jobben utført av underbetalte kroatiske linjemontørar.
  7. Raudt vil i neste stortingsperiode på nytt ta initiativ til ei regelendring, der jord- og sjøkabel istadenfor luftspenn blir hovedalternativet ved framtidig linjebygging i Norge. Då dette vart handsama i 2023, røysta Raudt, SV, MDG, V og KrF for – og AP, SP, H og FrP imot. Dette bør bli ei viktig sak i komande stortingsvalkamp.
  8. Raudt vil oppmode alle kommunestyra, natur- og miljøorganisasjonar, grunneigarar, Den norske Turistforening (DNT) og einskildpersonar om å sende inn høyringsfråsegner til NVE innan fristen 16.januar 2025!
Powered by Labrador CMS