Siri Klokkerstuen er leiar i Etne mållag, og synest det er flott at Etne kommune nå vil bruka nynorsk i vaksenopplæringa.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Debatt
Nynorsk for heile familien
Etne Mållag er svært nøgd med at nynorskkommunen Etne no skal tilby vaksenopplæring på nynorsk. Arne Boland har fleire synspunkt i lesarinnlegget i Grannar 7. august som me kjenner frå ein årelang debatt kring dette spørsmålet.
Etne kommune tilbyr vaksenopplæring i norsk for innvandrarar. Opplæringa er både for flyktningar og folk som kjem til landet av andre grunnar, t.d. arbeidsinnvandrarar. I følgje Etne kommune si heimeside blir tilbodet gitt både på dagtid og kveldstid.
Det finst fleire argument for at flyktningar og vaksne med annan språkleg bakgrunn bør få opplæring i nynorsk som skriftspråk når dei bur i ein nynorsk kommune. Dei spenner frå kulturelle og demokratiske grunnar til praktiske og språklege fordelar.