Elin Arianson.FOTO: PRIVAT
Elin Arianson.

Debatt

Ny giv for Vindafjord

Me er om lag 9000 Vindafjordingar. Kommunen vår ligg midt i den vakre vestlandsnaturen og med rikeleg naturgitte og menneskeskapte ressursar. Kommunen består av 9 levande bygder og me ønsker at bygdene våre også i framtida skal vera liv laga og at me vidareutviklar dei til å bli enda betre og meir attraktive småsamfunn. Tida er komen for å tenka nytt og gjera nytt. 9000 innbyggjarar er vår menneskelege ressurskapital. Felles for alle 9000 innbyggjarane er at me har like stor verdi alle saman. Me har ulik alder og ulike typar ressursar. Vårt felles mål er å skape gode levekår for alle innbyggjarane uansett kor i kommunen me bur.

Det er lite nyskapande å legge ned barnehagar og skular. Det kan vera ein lettvindt måte å få eit budsjett til å gå i ballanse, men det er ikkje med på å vidareutvikle dei 9 bygdene våre. Det er tvert imot ein farleg trend. Denne gongen gjeld det Imsland og Bjoa. Nest gong gjeld det andre bygder. På sikt blir då resultatet avmagra og innskrumpne bygder som tørkar ut. Vi treng å forstå at alle bygdene er viktige i heilskapen. Vi bør sjå på kva som er det særeigne for kvar bygd og løfta dette fram. Til saman utgjer bygdene vår heile kommunen. Vi treng nytenking og vågemot.

Når me skal vidareutvikle kommunen vår bør me planleggja langsiktig slik at me styrer utviklinga. Det gjer me ikkje med store endringar i eit årsbudsjett. Skal bygdene vera levande må det bu levande mennesker der. For at det skal bu folk i kvar bygd må me våge å gjera ting annleis. Me er i ein situasjon der me kan satsa annleis enn me har gjort fram til i dag. Noko av det unike med å ha 9 bygder er at me kan prøve ut ulike modellar for korleis me kan løyse fellesoppgåver i mindre skala enn å gå breitt ut og endra heile kommunen samtidig. Me kan iverksette eit prosjekt i ei bygd og gjera oss erfaringar som me forhåpentligvis kan dra nytte av i andre bygder og etter kvart i heile kommunen. Ein tanke kan vera å samordne og samlokalisere fellesoppgåvene slik at me har eit arbeidslag i bygda som tar seg av barnehage, skule, SFO, heimetenester, vaktmeisterteneste, vedlikehald og reinhald.

Me veit at barn har ulike behov og treng ulike tilnærmingsmåtar for utvikling og læring. Det handlar mellom anna om tryggleik, trivsel, meistring og fellesskapskjensle. Me veit at mange vaksne engasjerer seg i lokalsamfunnet. Det kan vera engasjement rundt eigne og andre sine barn, praktiske fellesoppgåver som dugnader og arrangement, lagsarbeid og det kan vera engasjement i høve til eldre. Vidare veit me at eldre vaksne etter kvart treng hjelp til praktiske gjeremål, dei treng følgje til lege, handel osv. Mange eldre har også ressursar til å hjelpe andre. Me veit at det er trong for gode arenaer der flyktningar og innvandrarar kan få trena seg i språk, bli kjent med andre og få delta i praktisk arbeid. Me veit at det er trong for reinhald i fellesareal og det er trong for reinhaldshjelp også i private heimar. Me har bruk for vaktmeistertenester i barnehage og skule og det kan vera bruk for vaktmeistertenester også i private heimar. Me treng ein robust driftsmodell som tek om syn til alt dette. Me treng fagfolk til mange av oppgåvene og me treng frivillige som kan hjelpa til.

Ei ny organisering av tenester kan ivareta alt dette og me kan få eit robust samfunn der me alle bidrar og der det er tydlege leiarar. Ein lærar i skulen kan til dømes få praktisk hjelp av andre vaksne for å auke vaksentettleiken og trygge elevane. Ein skuleassistent kan bidra både i opplæringssituasjoner og i SFO. Skuleassistentjobben kan også vera ein miljøarbeidarjobb og det kan kombinerast med heimehjelpstenester. Ein helsefagarbeidar kan utføre heimehjelpstenester og gjerne kombinere dette med oppgåver i skulen og barnehagen. Ein vaktmeister kan ha ansvar for vedlikehaldet av felles bygningar og samstundes få hjelp både av elevar som treng gjera noko praktisk og av frivillige vaksne, til dømes ved å kalla inn til dugnader. Ein flyktning eller innvandrar kan bli innlemma i heilskapen og bli kjent med andre, øva språk og bidra både med praktiske oppgåver og med omsorg.

Heile dette arbeidslaget kan ha ein felles leiar, noko som vil gi fleksibilitet i bruken av arbeidskrafta. Den totale personalressursen vil vera ansvarleg for at drifta går utan at det uløyser vikarutgifter ved korttidsfråvær. Dei åpenbare innsparingane ved ei slik organisering er sjølvsagt sparte reiseutgifter for elevar og for heimetenesta samt vikarutgifter. I tillegg vil ei slik organisering kunne bidra til at fleire eldre kan bu lenger heime og dermed lette trykket på behovet for sjukeheimsplassar. Organiseringa vil også utløyse ressursar i form av frivillig arbeid. Dette er noko som me veit at kommunane vil ha behov for. Eit slikt prosjekt vil vera nyskapande og dermed av interesse også langt utover kommunegrensa. Dette kan ein prøve å få ekstra statlege midlar til for ein periode. I tillegg vil interessa frå andre vera med på å setje Vindafjord på kartet og kunne bidra til at fleire vil komme til kommunen vår.

Eg håper at politikarane i Vindafjord kan sjå mulighetene eit slikt prosjekt kan gi og at me kan få i stand eit prøveprosjekt på Bjoa.

Elin Arianson

Bjoa

Powered by Labrador CMS