Tore Skogen frå Nedre Vats er leiar i Jeger og Fisk både lokalt og i fylket. Det interkommunale sjøaure-prosjektet.
Leiar Tore Skogen i Vindafjord Jakt og Fiskelag.ARKIVFOTO

Debatt

Naturkrisa kjem – kva gjer vi?

På grunn av høge straumprisar, som i stor grad skuldast prissmitte» frå Tyskland og deira kraftkrevjande industri etter stenginga av atomkraftverka, høyrer vi stadig snakk om straumkrise og behovet for det grøne skiftet. Løysinga ser ut til å vere å byggje ut alle elvane våre og sette opp vindmøller på kvart einaste nut – raskast mogleg. Målet? Å sikre energi til batterifabrikkar som ikkje vert realiserte og datasenter for å lagre TikTok-bilete og videoar.

Samtidig går vi snart inn i Friluftslivets år, og vi er allereie inne i FN sitt tiår for restaurering av natur. Kva er det vi held på med? Norsk natur vert bygd ned i rekordfart med monstermaster og store naturinngrep for å få på plass vindturbinar i våre vakre fjellområde.

Det vi treng, er ikkje raserte naturområde, men gode oppvekstmiljø for komande generasjonar. Norsk natur er ein del av identiteten vår, og det blir ikkje mange flotte bilete av fossar og fjellvidder å lagre på TikTok om vi held fram som no.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS