Dagleg leiar Janne Larsen Sævareid har stort fokus på å unngå matsvinn.
Arkivfoto: Anita HauglandFOTO: Anita Haugland
Nyttårstankar
Motlausheit og håp
Dei fyrste tankane som treff meg når eg tenkjer på det nye året er den urolege og vanskelege verdenssituasjonen. Me ser og høyrer det i nyhetsbildet og på sosiale medier dagleg. Krigar som herjar, klimakrisa som stadig eskalerer med nye rekordar, auka fattigdom og svært mange einsame i alle aldrar. Det er vanskelig å ikkje føle seg makteslaus, å ikkje bli gripen av sinne og eit ynskje å skjerme seg fra verkelegheita. Då spesielt mot krig som fører til så mykje liding for så mange, spesielt uskyldige born. Tanken på at verda kan verka håplaus kan vera overveldande, men i slike stunder er det viktig å minna seg sjølv på at sjølv små handlingar kan utgjera ein forskjell. Ein er nødt til å reflektera å ta litt av dette inn over seg, det er verkelegheita som faktisk er der.
Spørsmål som melder seg er: Kva kan eg gjera? Sjølv om det berre er på mikronivå, kan me alle bidra til å gjera ein forskjell. Å vera eit godt medmenneske er alltid ein moglegheit. Snakke med naboen, ta ein telefon eller sende ein SMS. Me kan oppfordra andre til å tenkje på korleis dei kan nytte stemma si og sin påverknad for å skapa positiv endring. Sjølv i det store bilete kan små handlingar ha ein dominoeffekt. Det er viktig å ikkje gi opp, for det er alltid håp. Håp om fred i krigsherja område og håp om betre forhold for alle som slit her heime. Når det gjeld det meir lokale som her i Skånevik er det mykje positivt som skjer. Over fleire år har det bygd seg opp ein optimisme i næringslivet i Skånevik. Dei største bedriftene verkar til å ha bra med arbeid og dette gir gode arbeidsplassar for mange. Dugnadsånda er unik, og fleire ting er på gang for trivsel for fastbuande, ferierande og hyttefolk. Det som me heilt klart ser mest fram imot i 2024 er opninga av det nye utebassenget midt i sentrum. Det trur eg vil gje eit positivt løft for heile lokalsamfunnet, ikkje minst for oss som driv næring i den unike handlegata me har greid og bevare her i bygda.