Debatt
Me vil òg vera Bjoabuar viss skulen består!
Me ungdommar som vil bu på Bjoa, synest det er håplaust at kommunen vil legga ned skulen i bygda vår. Me vil bu i den levande bygda me har vakse opp i. Me vil òg gjerna ha ungar som får gå på skule her og veksa opp i det fine samfunnet på Bjoa.
Bjoa skule er ein bra skule å gå på. Det er ikkje lenge sidan me slutta på Bjoa skule, og me set stor pris på at me har fått gå på ein liten, trygg skule der alle kjenner alle, at me har lært å jobba, leika og fått venner på tvers av klassar og alder, og at kvar elev blir sett av lærarane. Det at elevar på mindre skular med samansette klassar ikkje får like god lærdom, meiner me er tull. Tvert imot har elevar frå Bjoa faktisk klart seg betre enn gjennomsnittet vidare på ungdomsskulen.
Me har òg tatt bussen til Ølen kvar dag i minst tre år. Når me då kjem heim ein time etter at me var ferdige på skulen, er me slitne når me skal byrja på lekser og fritidsaktivitetar. Ein ungdom på 13–16 år har meir kapasitet enn ein 6–12-åring. Berre tenk kor sliten ein seksåring blir av to timar lang skuleveg kvar dag.
Kort sagt går ikkje berre nedlegginga av skulen utover barnas beste, men òg utover oss ungdommar med planar om å busetja oss på Bjoa. Me veit best korleis det er å sitja på buss mange timar kvar einaste veke, og dette er ikkje tenkjeleg for born på berre seks år som akkurat har lært seg å kle på seg sjølv utan hjelp.
Politikarane er faktisk nøydde til å sjå på heilskapen, og ikkje berre tala på papiret. Me er ungdommar og veit at tre promille på fest er ganske mykje, men tre promille i kommune-budsjettet er ikkje det.
Siri Steinsland 17 år, Erlend Tveit 17 år, Jonathan Tønnesen Vestbø 17 år, Amelia Ciechanowska 17 år, Christoffer Sandsgård 17 år, Alexandra Sandsgård 17 år, Sander Knutsen 17 år, Anna Vivelid 17 år, Lukas Alvseike 17 år og Theodor Vestbø Reimers 17 år.