Debatt
Me har det godt på Bjoa skule
Me i elevrådet på Bjoa skule vil med dette skrivet dele tankar som me elevar på Bjoa skule har i denne førjulstida.
I sommar vart mange elevar på skulen vår sjokkerte då me høyrde at mellomtrinnet skulle flyttast til Vågen skule. Fleire vart også redde og gret. Kan me som er att, også bli flytta heilt plutseleg? Er det slik det skjer? Ein dag går me på Bjoa skule, og dagen etter (!!) er me flytta til ein annan skule?
Heldigvis har både foreldra våre og lærarane forklart og trøysta oss. Mellomtrinnet skal berre vera i Vågen eit skuleår. Nokre i kommunen har bestemt at dette er ei midlertidig løysing», så skal dei koma tilbake til Bjoa…
Dette trudde me på.
Men det gjekk berre tre månader etter at skulen starta opp i haust, før me igjen blei sjokkerte – og redde. Nokre i kommunen foreslår no å flytte alle elevane frå Bjoa og legge ned skulen.
Dagen dette forslaget kom ut, var ein tøff dag. Mange elevar gret både heime og på skulen. Lærarane prøvde igjen å forklare og trøyste. Det same gjorde foreldra våre og andre vaksne.
Men me er lei oss!
Me er glade i skulen vår. Me er glade i klassen og i lærarane.
Me er glade i den nye leikeplassen vår, med klatrestativ, trampoline, kråkereir og svingereir.
Me er glade i gapahuken ved grusbanen, ballbingen og turnbassenget.
Me er glade i lavvoen i skogen, i turløypa me brukar på uteskule, og alt me har rett rundt oss.
Alt dette er med på å gjera skuledagane våre gode.
Me har det trygt og godt, og me lærer masse!
Kvifor vil nokon endre på dette?
Kvifor vil nokon ta dette frå oss?
Og kva skjer med alt dette når det ikkje er elevar her?
Tenkjer ikkje folk i kommunen at me treng å ha dette i bygda vår? At me elevar treng skulen vår, og at Bjoa treng skulen?
Elevrådet Bjoa skule