Ove Kahrs Wangensteen
Nyttårstankar
— Mangt å håpe på
Eit nytt år er på trappene og det er mangt å håpe på og spå om, både som jurist og etnesbu.
Ei av sakene eg trur vil prege advokatar lokalt og nasjonalt i 2024, blir spørsmålet om salærsatsen. Denne tvisten er nok ikkje så kjend for folk flest, men den førte i forfjor til den første store advokatstreiken. Kort fortalt får advokatar som bistår parter i offentlege saker (strafferett, utlendingsrett, barnevern) saksomkostningane sine berekna etter offentlege salærer. Denne salærsatsa har blitt lite oppjustert dei siste åra, noko som har ført til at det har blitt vesentleg meir lukrativt for advokatar å ta sivile saker framfor offentlege. Dette er ei særs uheldig utvikling, som på sikt vil svekke rekrutteringa av gode advokatar til saksfeltet. I offentlege saker handlar det ofte om menneske i krise, og dei har krav på, og behov for, skikkeleg bistand når dei skal møte ein ressurssterk stat i rettssalen. Det har særleg den nylege Karmøy-saken vist.
Etter forrige streik, vart Staten og Advoktatforeningen einige om å etablere eit Salærråd som skulle anbefale nivået for ein berekraftig rettshjelpsats. I siste statsbudsjett fulgte likevel ikkje staten rådet si anbefaling, og ein ny advokatstreik er nok under oppsegling allereie i år.