Imsland oppvekstsenter blir lagt ned hausten 2025.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Debatt
Manglande konsekvensutgreing og ein forhasta prosess
Me i Imsland Bygdekvinnelag ser med uro på korleis kommunedirektøren har lagt fram forslaget til strukturendring oppvekst», som inneber at Imsland Oppvekstsenter og Bjoa skule skal leggjast ned frå hausten 2025. Først og fremst tykkjer me det er sterkt kritikkverdig at eit politisk vedtak frå to år tilbake, som blei gjort på grunnlag av ein omhyggjeleg demokratisk prosess, ikkje blir respektert. I tillegg reagerer me på at prosessen denne hausten ser ut til å vere forhasta, og at han ikkje gjev rom for ei demokratisk og grundig handsaming.
Eit anna kritikkverdig punkt er rekkjefølgja kommuneleiinga legg opp til: Først vil dei at det skal vedtakast, og først etterpå skal det greiast ut om konsekvensane. Me i Imsland Bygdekvinnelag kan ikkje begripe at det ikkje skulle vore den andre vegen: Først ei utgreiing der ein kartlegg alle ringverknader og ulike løysingar som er aktuelle for ulike spørsmål, for deretter å kunne gjere ei god avgjerd basert på ei brei analyse.
Imsland Bygdekvinnelag fryktar at tilliten til lokaldemokratiet blir svekt grunna denne haustens kritikkverdige handsaming av saka i styre og stell i Vindafjord Kommune.