Høgre, ved Modolf Haraldseid og Therese Nesheim. ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Høgre, ved Modolf Haraldseid og Therese Nesheim.

Debatt

Kva risiko er det med ein Montesorriskule?

Me har i formannskapsmøtet peika på at risikoen med å gå for ein ny skule i Vindafjord nå er høg, og finn grunn til å underbyggja dette standpunktet.

Situasjonen i Vindafjord er at kommunen har utmerka seg nasjonalt med å oppretthalda svært mange skular. Intensjonen har sjølvsagt vore den aller beste, men ein har kome til eit punkt der politikarane er nødt til å overføra ressursar frå oppvekst og over til omsorg. I tillegg viser det seg at arbeidsmarkanden har vorte svært stram og det er ikkje nok kvalifiserte søkjerar til ledige stillingar korkje i kommunen eller andre stader. Dette utfordrar heile Vindafjord-modellen sterkt.
Tala viser at me vert fleire hundre færre elevar i Vindafjord framover mot 2040, og tilsvarande fleire eldre. Sistnevnte vil krevja meir ressursar enn dei fleste kan sjå for seg. Kommunedirektøren har i si vurdering lagt til grunn at ein ny skule i Vindafjord nå, kan setja andre skular i spel ved at totalen ikkje går opp og ein må vurdera nye strukturendringar. Det er dette som er den viktigaste risikoen som me må freista å unngå konsekvensane av.
Åtte skular i Vindafjord vil ikkje gi oss det handlingsrommet som politikarane treng til å overføra ressurser til omsorg. Det er forståeleg at foreldre på Bjoa vil ha alternative pedagogiske tilbod. Men det kan ikkje vera det viktigaste argumentet no. Me må gjera det som er til det beste for alle i Vindafjord – og oppgåve nr 1 vil vera å sikra at me kan ta hand om dei svakaste når dei treng det.

Therese Nesheim

Modolf Haraldseid

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS