Bassenget i Ølen er førebels einaste plass å symjeopplæring i Vindafjord. I 2026 kan det bli lagt ned. ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Bassenget i Ølen får truleg leve vidare.

Debatt

Kjære Storebror!

Kjære Storebror! Veit du, at eg har bada ute? Eg har fått øvd meg på å symje i eit vatn! Er ikkje det kult vel?!? Å det gjekk heilt fint! Eg har faktisk gjort det lenge, fem år trur eg! Du burde prøve du og! Eg trur du greier det, i allefall i eit par år, det er jo ikkje så lenge!

Og du er jo så stor du Storebror, at om ikkje du vil bade ute, så kan du kanskje ta bussen til ein stad du kan symje inne? Det greier du, det er eg heilt sikker på! Kanskje du ser noko spanande på vegen dit!

Men du? Kan du la vær og ete alle dei ekstra skjevene mine, eg vert så skrekkelig svolten når eg berre får litt innimellom, hadde vore dumt om eg svelt ihjel og du vart eineborn, liksom. Eg kan gjerne dele eg altså, men eg har høyrt at mykje vil ha meir», og det er dumt om du skulle bli ein av dei som vil ha alt og som ikkje vil dele, liksom. Då trur eg kanskje ikkje eg syns du er så kul storebror.

Pia Flæte

Øvre Vats

Les fleire debattinlegg og nyheiter om Vindafjord-budsjettet her: Vindafjord-budsjettet

Powered by Labrador CMS