Arkivfoto.
Debatt
Kjære politikarar i Etne kommune
I kommunestyremøte 21.02.23 så har partia stemt einstemmig for ny sikker hamn på Tøsse på nordsida av Åkrafjorden. Partia er einige om at denne saka ikkje skal diskuterast meir nokon gong. På Eikemo er det 3 grunneigarar, der 1 ikkje er fastbuande og det er 3 fastbuande.
Onkelen min var den siste som gjekk bort, og han fekk aldri oppleva ei skikkeleg hamn på nordsida av Åkrafjorden. Far min er oppvaksen på Eikemo, men det var bror hans som overtok garden. Mine søsken og eg har vore heldige som har fått gode barndomsminner på Eikemo. No er det mine barn og deira søskenbarn som storkosar seg på der. Eikemo er ein av dei få plassane i landet som ikkje har mobildekning, så då har ein mykje tid til overs til leik og moro. Skal ein ha mobildekning så må ein sykla seg eit stykke til ein plass som heiter Skorvo, der ein får dekning. Dei har ikkje vondt av det. Mine foreldre har fritidsbustad på Eikemo og det er fleire fritidsbustader ved sjøen, oppe på Eikemo og på Vetrhusstølen. Det er til og med AirBnB som vert leigt ut.
Turistar som kjem til Eikemo skryt uhemma av plassen og er imponert over den vetle bygda der som ingen kunne tru, at nokon kunne bu… Eg er imponert over at Geir Arne og Nils Kjetil held ut vinter etter vinter, der dei må opp om nettene og sjå om båtane sine. Vi har mang ein gong reist over fjorden og håpt at det går bra med dei på heimvegen i ruskaveret.