Denne vegen går midt inne i Vedvika naturreservat på Bjoa. Arkivfoto: Øystein Silde Frønsdal
Denne vegen går midt inne i Vedvika naturreservat på Bjoa.

Debatt

Ikkje kutt i skogvernet

Me kan ikkje eksistere utan naturen. Likevel blir den øydelagt som aldri før. Dessverre er Ap-Sp-regjeringa si Hurdalsplattform ei oppskrift på meir nedbygging av natur. Fleire fossar skal leggast i røyr og statlege innvendingar ved nedbygging av natur skal det bli færre av.

For to veker sidan kom Ap-Sp-regjeringa med det første forslaget sitt til statsbudsjett. I budsjettet kuttar dei nesten ein tredel av midla til skogvern. Det er trist fordi mange trua artar lever i områda som skal vernast. Skogvernet er viktig for å ta vare på både urørd natur og det biologiske mangfaldet.

I dei fire åra Venstre var i den blågrøne regjeringa vart det verna 42 323 dekar med skog til naturreservat i Rogaland. Det betyr at Rogaland i 2018-2021 fekk skogvern tilsvarande 5 928 fotballbanar. I Vindafjord har me dei sista åra fått på plass tre nye naturreservat. Stråtveit naturreservat med frodige edellauvskoglier ned mot sjøen, Vedvika naturreservat som har eit særeige miljøhøve som gir grobotn for fleire svært sjeldne artar, og Torstveit naturreservat med langstrakt furuskogsområde som har faste spelplassar for både storfugl og orrfugl.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS