Debatt
Frå elevrådet til politikarane
Me i elevrådet synest dette er trist og kjedeleg at kommunedirektøren vil leggje ned Imsland skule. Dei fleste kjem til å gråte om skulen vår blir lagt ned. Me får lengre skuleveg og skuledagar. 12 av elevane som bur innover mot Kvaløy og Rønnevik får opptil 1 time skuleveg. Altså 2 timar i buss kvar dag, då bussen går rundt Ølmedalsvatnet. I tilegg må me ta turen ein gong til, dersom me skal på fotball, volleyball, besøke evt venner me får i Vikedal, skal til tannlegen, legen, helsesjukepleiar eller handle klær, sko eller anna i Ølen, Etne eller i Haugesund. Dei dagane me skal ut på noko, får dei elevane som må gå på SFO, ikkje noko tid heime. Kva tid skal me gjera lekser? Må me kutte ut fritidsaktivitetane våre? Me blir trøttare og mindre opplagde til å følgje med på undervisninga i Vikedal, med lengre skuleveg og skuledagar.
Dei barnehageungane som går her, har veldig lyst å begynne på skulen i Imsland. Dei får og veldig lang køyring til barnehagen og må kanskje vera med søsken på fritidsaktivitetar på ettermiddagen. Nokre av oss blir bilsjuke. Spesielt når me tek buss. Nokre av oss kjenner ingen på Vikedal skule. Er det nok klasserom og plass til oss på Vikedal skule?
Me har mange fine turområde nær Imsland skule, som me brukar på uteskulen og når me skal gå tur. Og me treng ikkje skyss for å bruke desse. Me kjem ikkje til å bli like godt kjende med bygda vår, dersom me skal gå på skule i Vikedal. Og me får god psykisk helse av å gå på tur. Det er ingen vold eller truslar på skulen vår og me har eit trygt og godt skulemiljø.
I skuletida går me på mange ulike og fine fjellturar i Imsland. Me hentar juletre og tenner bål i desember, går på skøyter, ski og akar i nærområdet om vinteren. Me går på stranda og badar og fiskar i sjøen, vatnet og i elva om sommaren. Me lærer om ulike plante – og dyreartar og har uteskule, går Ølmedal rundt, plukkar blåbær, besøker gardar og ulike bedrifter i bygda m.m.
Me er bekymra for om det kjem nye tilflytterar til bygda dersom me ikkje har skulen. Kjem me til å miste den einaste leikeplassen, volleyballbanen og fotballbanen me har, dersom skulen vert solgt? Kjem me til å miste bygdahuset og butikken i Kvaløy og då?
Då har me ingenting igjen her i bygda vår.
Adrian, Vilde, Siri, Leon, Selma og Svein
Elevrådet ved Imsland skule