Inga Klokkerstuen Wangensteen. Kommunikasjonsrådgjevar i Omega 365 Design.Foto: Omega 365 Design
Inga Klokkerstuen Wangensteen. Kommunikasjonsrådgjevar i Omega 365 Design.

Debatt

Forsvare demokratiet? Engasjer deg i lokalsamfunnet!

Kanskje er det denne hausten du skal teikne eit abonnement på ei lokalavis, besøke biblioteket oftare eller seie ja til eit verv eller dugnadsarbeid? Di stemme og di handling som distriktsinnbyggjar har stor verdi. Du driv forsvar av det norske demokratiet i praksis.
I ei tid der demokratiet er under press i mange land, er det i Distrikts-Noreg noko av det viktigaste forsvarsarbeidet skjer. Det viser artikkelen Vårt effektive vern mot tyranni som nylig vart publisert på nrk.no.
Når PST åtvarar mot at utanlandske krefter ønskjer å påverke Noreg og det norske demokratiet, vert redaktørstyrte media og meir kunnskap blant folk flest framheva som avgjerande, både av PST og Forsvaret.
Det er heilt grunnleggjande institusjonar i det norske samfunnet – ofte tatt for gitt – som vert framheva som avgjerande i forsvaret av demokratiet. Lokalavisene, frivilligheita og biblioteka. Og det er i Distrikts-Noreg desse lokale institusjonane verkeleg kjem til sin rett.
Lokalavisene er ikkje berre nyheitsformidlarar – dei er ofte pulsen i lokalsamfunnet. Det er kort veg for folk flest til å meine noko på avisplass, journalistane løfter fram stemmer og saker som elles kanskje aldri ville blitt høyrt, og får oss til å forstå kvardagslivet og utfordringane til naboane våre. Dei set objektivt søkelys på saker som me kjenner eigarskap til, utfordrar oss, og driv opplysingsarbeid for folk flest.
I USA har ein tredjedel av alle lokalaviser forsvunne dei siste tjue åra. To av tre journalistar har mista jobben. Over halvparten av USA sine rundt 3000 fylker står utan lokale medium, og større aviser har lagt ned dei fleste av distriktskontora sine. Fleire og fleire område har ikkje lenger lokal, redaktørstyrt presse. Ein snakkar gjerne om nyheitsørkenar». I eit slikt landskap får propaganda, desinformasjon og polarisering gode levekår. Urovekkande nok overlappar fleire av desse områda med område der Trump står sterkt og tilliten til redaktørstyret nyheiter er låg. At me beheld dei rundt 200 lokalavisene over heile Noreg, er av stor verdi.
Vidare er Noreg på toppen i Europa i frivilligheit, og frivilligheita er utvilsamt ein bærebjelke i små lokalsamfunn. Lag og organisasjonar knyter folk saman på tvers av alder, kjønn, kultur, politisk ståstad og religion. Dei skapar fellesskap, bygger tillit mellom folk og gir folk eigarskap til staden dei bur. Ein lærer organisasjonsarbeid og demokratiske spelereglar. Ved å delta i frivillig arbeid opplever folk at dei faktisk kan påverke omgjevnadene sine – og det er kjernen i eit velfungerande demokrati. Eit sterkt sivilsamfunn er ofte mangelvare i autoritære samfunn. I Ungarn oppgir kun 5 prosent at dei driv frivillig arbeid. I Noreg er delen 61 prosent.
Sist, men ikkje minst, speler biblioteka ei viktig rolle i demokratibygginga. Biblioteka bidrar med langt meir enn utlån av bøker. Dei er kunnskapshus, møteplassar og verktøy for kritisk tenking. Eit godt bibliotek styrkjer også innbyggarane sin evne til å skilje mellom fakta og desinformasjon – noko som stadig blir viktigare i dagens samfunn.
Distrikts-Noreg viser oss at demokrati ikkje berre byrjar ovanfrå, men byggast nedanfrå og opp, i heilt kvardagslege og lokale strukturar.
Eit tydeleg paradoks, er likevel at desse institusjonane – som er essensielle for demokratiet – ofte slit med ressursar og merksemd i ei tid der betydinga deira berre aukar.
Kva kan me gjere for å støtte og styrke desse gullkanta institusjonane og strukturane i Distrikts-Noreg? Korleis kan me vise politisk vilje til å prioritere dei – ikkje berre som “kjekt å ha,” men som heilt nødvendige byggklossar i demokratiet vårt? Det er spørsmål ein bør stille seg i både bygd og by denne hausten.
Inga Klokkerstuen Wangensteen
Kommunikasjonsrådgjevar og digital marknadsførar
Omega 365 Design

debatt@grannar.no

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?

Send ditt lesarbrev til debatt@grannar.no

Ikkje skriv for langt, maksimalt 850 ord. Og legg helst ved eit bilde av deg sjølv.

Powered by Labrador CMS