Tid for lemming og jordbruksoppgjer. Sauefjøset er staden der Inga Elise Steinsland oppheld seg mest i desse tider, men jordbruksoppgjeret følgjer ho spent med på.Foto: Jon Edvardsen
Inga Steinsland

Debatt

Flaut å vera på Senterpartiet si liste i Vindafjord nå»

debatt@grannar.no

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?

Send ditt bidrag til debatt@grannar.no

(Ikkje skriv for langt, maks 850 ord, og legg gjerne med eit bilde av deg sjølv)

Vindafjord Senterparti vil ha tilbod om gode barneskular, barnehagar og SFO i kvar bygd», sto det i valgprogrammet vårt 2023. I nasjonale forventningar skriv regjeringa følgande: Målet er ein politikk tilpassa regionale og lokale forhold, og slik at det kan leggjast til rette for ny vekst og sterkare utvikling i område med svak eller negativ utvikling i folketalet. Sentralisering som svekkjer lokale tenester og tilbod, er ikkje berekraftig.

Nå har kommunedirektøren lagt fram eit nytt budsjett for 2025 for å få bedre tal på botnlinja. Då føreslår han å legga ned 2 skular og ein barnehage to år etter at me har vedtatt ein skulebruksplan som seier at: Me skal ha skule og barnehage i alle bygdar. Og heile greia skal avgjerast på 6 veker rett før jul. Det har heile vegen vore ein elendig prosess, der kommunedirektøren flyttar mellomtrinnet på Bjoa til Vågen i sommarferien, og nå legg fram eit budsjett der 2 bygdar skal leggast ned. Dette er eit altfor alvorleg kutt i budsjettet til å bare dure fram utan å konsekvensutreda skikkeleg.

LES MEIR LOKAL DEBATT HER: DEBATT

Imsland har kapitulert, dei orkar ikkje å kjempe for skule og barnehage lenger. Men dei hadde ønska å få beholda skulen 1 ekstra år, slik at prosessen blir best mulig ved flytting av barna. Bjoa FAU har etter eit grundig kartleggingsarbeid med anonyme spørjeundersøkelsar fått eit klart svar frå foreldra. 97 prosent av foreldra vil fortsatt ha skule på Bjoa. I følge mine berekningar på kommunedirektørens budsjett skal kommunen spare 3,5 millionar i året på å legge ned Bjoa skule

Men då har han ikkje lagt inn 0,6 mill. i grunnskuletillegg frå staten prer skule. Eller 0,5 million til drift av bygdahus på Bjoa (driftskostnader for 1 år). Etterbruksfond bør komme i tillegg. Eller 0,7 million for 2 ekstra minibussar til elevane på Bjoa for å senke reisetida til dei minste frå 1 til ein halv time kvar veg. Eller 0,2 million i eiendomsskatt (Når marknadsverdien på bustamassen går ned 10 prosent utan skule) Men kanskje endå viktigare, velviljen i kommunen til å betale eiendomsskatt, som først og fremst blei vedtatt for å kunne ha skular i alle bygdane.

Eller 1,5 millionar i Synargieffektar:

• Viss skulen blir lagt ned har spørjeundersøkelsar bekrefta at fleire barnefamiliar vil flytte frå bygda, og fleire som planlegg å flytte til Bjoa vil la være. Dette er tapte skatteinntekter, rammeoverføringar og tilsette.

• Me vil spare penger på eldreomsorg (fordi dei unge vel å flytte heim igjen til Bjoa og kan hjelpe gamle foreldre slik at dei kan bu heime lenger).

• At besteforeldre kan bidra med barnepass på planleggingsdagar eller sjuktbarn-dag, slik at foreldra kan gå på jobb.

• Helsearbeiderar som flyttar til kommunen og ikkje frå, og sparar oss for dyre vikarar i helsevesenet. (+ arbeidstakarar til andre bedrifter)

I tillegg kjem tap av frivillighetsarbeid. Viss me legg inn desse tala har me spart null kroner og lagt ned ei bygd.

Nei, desse tala er ikkje skikkeleg konsekvensutreda, for det var det jo ikkje tid til. Dei kan godt vere endå større, slik at dette blir eit endå større tapsprosjekt for Vindafjord. Før dette nye budsjettet til kommunedirektøren kom opp bles det ein god vind over Bjoa. Gode vibber skulle endeleg begynne å gi frukt, barnetalet har auka meir enn ssb hadde spådd (30 prosent meir) ein ny butikk er på trappene, fleire familiar planlegg å flytte hit, spennande næringsutviklignsprosjekter. Men alt dette kan bli reversert viss skulen blir nedlagt.

Så spørsmålet er ikkje om Vindafjord har råd til å ha skule på Bjoa, men om me har råd til å legga den ned? Eg kan ikkje sjå at det gagnar budsjettet og det gagnar i alle fall ikkje Bjoa. Aller minst gagnar det truverdigheten til Senterpartiet. Vanlegvis er eg glad når ting er litt effektivt i kommunen, men her skal me altså legga ned 2 av 9 bygdar på 6 veker for å spara småpenger. Og det er ikkje Høgre og Frp som står i spissen for det, men Senterpartiet som styrande parti i kommunestyret i samarbeid med Krf og Ap.

Korleis kan partiet mitt gå i spissen for å vedta eit budsjett som skal legge ned ei levande bygd utan å få noko samfunnsnyttig ut av det? Kan me som er medlemmer i Senterpartiet hindre at dette vedtaket blir gjort på vår vakt til tross for at sterke stemmer blant våre egne vil det annleis Kan me redda ei bygd før det er for seint? Kanskje fem bygdar viss me skal fortsetta på denne vegen, å spara penger på sentralisering av skule. For nå tar dei først den bygda med minst innsparingar og lengst skuleveg, og kanskje dei mest patriotiske og stridige innbyggerane. Då blir lettare å argumentera for å ta dei andre. Og viss me mistar masse stemmer på neste valg pga. dette vedtaket blir det i allefall lett å ta 4 skular til for dei borgerlege som står klar til å ta over skuta.

Me skal ha medlemsmøte i Vindafjord Senterparti på mandag 2. desember. Håpar alle medlemmer kjem så me kan bli einige om kva som er Senterpartipolitikk. For me har vel fortsatt demokrati, også i Sp? Håpar me kan gjere ein forskjell. Dette betyr alt for Bjoa, men mest sannsynleg også for 4 andre bygdar i kommunen etterkvart. Det er ikkje heilt kjørt før kommunestyret har stemt 17. desember. Det er fortsatt muleg, i alle fall om me prøvar. Dette er vår vakt.

Inga Steinsland

Listefyll hos Senterpartiet

Powered by Labrador CMS