For leiar Aleksander Teimann Bjørnø i Bjoa bygdeutviklingslag er heimbygda Bjoa og skulen svært viktig.Foto: Irene Mæland Haraldsen
For leiar Aleksander Teimann Bjørnø i Bjoa bygdeutviklingslag er heimbygda Bjoa og skulen svært viktig.

Debatt

Ein katastrofe for Bjoa og ei tikkande bombe under den offentlege skulen i heile Vindafjord kommune

For to år sidan landa kommunestyret ein skulebruksplan for kommunen. Kommunestyret lytta til innspela frå bygdene, og me trudde at me kunne stola på vedtaket om ei vidareføring av skular i alle ni bygder i kommunen. Stort var difor sjokket då kommuneleiinga med eit pennestrøk flytta mellomtrinnet på Bjoa skule til Ølensvåg frå i haust, og no følgjer budsjettforslaget for 2025 opp med dødstøtet for skulen på Bjoa.

Alle ønskjer det beste for borna, og me er overtydde om at det beste for borna på Bjoa er å gå i barnehage og på barneskule i heimbygda. Barneskule og barnehage i nærmiljøet er ein viktig del av ein trygg oppvekst, og det vil vera ei alvorleg feilvurdering å ta dette frå borna på Bjoa. Me tek ikkje for hardt i når me påstår at Bjoaskulen tilbyr eit utemiljø utan sidestykke med fantastiske leike- og læringsmiljø for borna. Gymsalen på skulen er også populær for alle aldrar. Læringsmiljøet på både små og større skular er avhengig av dyktige lærarar og godt utstyr, men det er ikkje noko forsking som set eit B-stempel på dei små skuleeiningane. Tvert imot kan små klassar gi større rom for tilpassa opplæring og eit tryggare læringsmiljø. Elevar frå Bjoa har vist at dei meistrar overgangen til ungdomsskule og vidaregåande minst like godt som elevar frå andre bygder. Det er neppe noko anna bygd i Vindafjord som har produsert så mange doktorgrader dei siste 15 åra som Bjoa, i høve til folketalet.

Nedlegging av skulen på Bjoa vil gjera borna til dagpendlarar frå 5-årsalder. For mange elevar vil transporttida mellom heim og skule bli 1,5–2 timar dagleg. Etter ti år på skulen vil borna på Bjoa ha brukt tid tilsvarande fleire ekstra skuleår i bussen. Det er lett å forstå at den lange skulevegen vil slita på motivasjon og entusiasme, både i pliktig skulealder og med tanke på tre år vidaregåande skule i Ølen. Den slitsame dagpendlinga frå så låg alder vil vera negativ for skuleopplevinga, for læringsmiljøet, for vidare utdanning og for val av framtidig buplass. Me protesterer på at borna våre og bygda vår skal betala denne prisen. Me har heller ikkje sett planar for korleis kommunen har tenkt å løysa transportutfordringane knytt til at ulike klassar kan ha ulik daglengde på skulen, skyss til/frå SFO og mogleg leksehjelp-ordning etter skuletid.

Eigen barnehage og barneskule er ein så sentral del av eit bygdesamfunn at me meiner at nedlegging av skulen er eit aktivt tiltak for nedbygging av Bjoa som eit levande lokalsamfunn. Skulen er navet i fritidsaktivitetane som også er svært verdfulle element i opplæringa og sosialiseringa av oppveksande slekter. Ved ei skulenedlegging vil borna på Bjoa ikkje berre missa ein trygg og lokal skule, men også eit miljø for fritidsaktivitetar etter skuletid. Igjen er det borna og Bjoabygda som må betala prisen for nedlegging. Dermed vil bygdelivet og friviljug arbeid på kort tid bli utarma.

Ei nedlegging av skulen har ein annan svært dramatisk effekt for Bjoa-bygda. I staden for å byggja eit eige bygdehus, gjekk bygda i si tid saman med kommunen og reiste eit felles gymnastikk- og bygdehus. Difor er skulen sin gymnastikksal og skulekjøkken bygda si storstove og samlingsplass. På same vis som i dei fleste andre bygder, er slik felles bruk av bygdehuset ein stor vinn-vinn-situasjon både for eksisterande og planlagde idrettshus. Etter det me forstår, inneheld ikkje nedleggingsforslaget noko etterbruksplan. Viss ikkje kommunen tilbyr dette, vil nedlegging av skulen ikkje berre ribba bygda for den viktigaste samfunnsfunksjonen, men også stenga den viktigaste møteplassen og arenaen for friviljug arbeid. Bygda vil realistisk sett berre vera i stand til å dekka 10 prosent av årlege drifts- og vedlikehaldsutgifter av gymbygget. Viss kommunen ikkje etablerer eit stort etterbruksfond, vil skulenedlegginga dermed effektivt slå beina under bygdehuset.

Avgjerda om vidare barneskule på Bjoa er utan tvil det viktigaste spørsmålet på svært lang tid for alle på Bjoa, ikkje berre for borna. Me krev difor at ei slik avgjerd ikkje må takast utan at kommunestyret har full kjennskap til konsekvensane for borna, for bygda og for kommunen. Ein seks vekers budsjettprosess kan ikkje sikra dette. Me meiner at estimata kommunen opererer med i auka skyssutgifter ikkje er truverdige, både fordi transporttidene er altfor optimistiske og at det ikkje er teke omsyn til fleksibilitet i skysstilbodet tilpassa ulik lengd på skuledagen, SFO og andre tilbod som elevane på Bjoa har i dag. Skyssen vil bli langt dyrare. Me kan heller ikkje sjå at den negative skatteeffekten på grunn av utflytting på grunn av skulenedlegging er lagt inn som risikofaktor i dei økonomiske reknestykka.

Me ser at økonomiske argument blir tillagt stor vekt for nedlegging av skulen. Det framlagde reknestykket viser likevel berre marginale innsparingar i eit budsjett på over ein milliard. Vindafjord er med sine fjordar og fjell ikkje landets billigaste kommune å driva, og på Bjoa har det så langt vore stor forståing for at kommunen treng finansiering i form av eigedomsskatt for å oppretthalda skulestrukturen. Bjoabuen er heller ikkje tunge å be om å delta i dugnad for vedlikehald av skulen om det skulle knipa.

Viss ulempene for borna med lang bussing i ti år ikkje blir synderleg vektlagde, og ein ser bort frå verknadane på bygdelivet på Bjoa, vil politikarane kasta korta og opna låvedøra på vidt gap for å styra skulestrukturen i Vindafjord hovudsakleg etter økonomiske prinsipp. Då veit me at nedlegginga av Bjoa skule berre vil vera starten på ei stor ombygging av den offentlege skulen i kommunen. Vanskar med rekruttering av kompetente lærarkrefter vil sjølvsagt ikkje bli løyste ved nedlegging av ein liten skule eller to. Den som trur at dei åtte andre skulane i kommunen vil vera trygge berre ein får lagt ned på Bjoa, må snarast mogleg stikka fingeren i jorda. Mange av dei andre skulane vil få langt mindre skyssutfordringar enn Bjoa ved ei nedlegging, og dei har dårlegare uteområde og gymbygg enn det Bjoa kan tilby. Viss skulepolitikken i Vindafjord skal baserast på optimal økonomisk drift med storskalafordelar, utan særleg omsyn til borna og bygdene, vil ein innan ti år sitja att med to–tre skular, maksimalt. Ved nedlegging av skulen på Bjoa gir politikarane grønt lys for ei slik utvikling.

Noko av det mest alvorlege for kommunen er at ein med denne politikken og dei argumenta ein brukar, har lagt seg flat for tilsvarande nedleggingsargument når framtida for Ølen vidaregåande skule kjem opp i fylket om nokre år. Alt no raknar samhaldet i kommunen, og solidariteten bygdene imellom har ein ofra. BBU vil ut frå omsynet til borna på Bjoa, framtida for bygda, framtida for kommunen og alle dei uavklara konsekvensane protestera på forslaget om nedlegging av Bjoa barneskule. Berre ei langvarig freding av framtida for skule og barnehage kan skapa grunnlag for optimisme og vekst, både på Bjoa og elles i kommunen.

Aleksander Teimann Bjørnø

Leiar i Bjoa Bygdeutviklingslag

Powered by Labrador CMS