Oddny Miljeteig heime i stova på Tøsse i Åkrafjorden.Foto: Grethe Hopland Ravn
Oddny Miljeteig heime i stova på Tøsse i Åkrafjorden.

Tankar ved årsskiftet

Det held ikkje med eit esel åleine»

Dersom ein fjernar jødar, arabarar, flyktningar og innvandrarar frå julekrybba, er det einast eit esel attende.» Desember er juleevangeliet si tid. Eg les det helst i den ikkje heilt nyaste utgåva av Bibelen, men i utgåva frå eg var lita jente. Det vil seie at den gongen, ved kjøkenbordet på Tøsse og før lutafiskmiddagen, las eg alle dei 52 versa i det andre kapittelet i Lukas-evangeliet. Mamma og pappa høyrde tolmodig på det heile, og ei god stemning la seg rundt bordet. Julekrybber hadde vi fleire av, mellom anna ei eg hadde fått i gåve frå tante Anna og onkel Georg på Markhus.

Dersom ein fjernar jødar, arabarar, flyktningar og innvandrarar frå julekrybba, er det einast eit esel attende.» Eg kjende det var sterk kost, då eg fann sitatet ovanom på Facebook like før jul. Det 2000 år gamle juleevangeliet er rykande aktuelt. Jesusbarnet er det mest kjende flyktningebarnet i historia. Ved årsskiftet er det mest kjende flyktningebarnet her i landet 18-åringen Mustafa Hasan, son av ei palestinsk kvinne som vart tvangsgifta til Jordan – og som laug» då ho sa ho var palestinar då ho søkte asyl i Noreg. Mustafa Husan har om lag Jesu hudfarge. Mange av dei som søkjer tilflukt i landet vårt, har det. Det gjer ikkje inntrykk på regjeringa eller samarbeidspartnaren Frp. Sjølvsagt veit eg at KrF og Venstre gjerne ville ha hatt ein annan flyktninge- og asylpolitikk, men dei får ikkje gjennomslag i regjeringa. Mot slutten av år 2020 openberra det seg eit nytt asylpolitikkens jarntriangel (det vanlege er Ap, Frp og Høgre). Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Framstegspartiet fann saman på Stortinget og strama inn flyktningepolitikken endå meir enn regjeringspartia og Frp hadde kome fram til i statsbudsjettforliket.

Noreg tek mest ikkje imot asylsøkjarar meir, og vi trassar FN og tek imot færre kvoteflyktningar enn FN ber oss om. Det er pinleg at ikkje Nansens heimland eingong fylgjer opp våre internasjonale plikter. Så gale er det at 125 kommunar har gjeve klår melding at for sin del er dei klare til å ta imot langt fleire enn dei 50 regjeringa omsider sa seg viljuge til å ta imot etter at Moria-leiren på Lesvos i Hellas brann. Middelhavet er for lengst ei våt massegrav for menneske som flyktar frå krig, svolt, undertrykking og naud. Tenk om det var denne vegen Jesus hadde flykta om det var i vår samtid han hadde vorte fødd? Han hadde altså ikkje kome inn i Noreg, det må vi diverre slå fast. Noregs solidaritet hadde ikkje strekt seg så langt.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS