Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Lesaren melder

Bjoa 4H – haustfest nummer 50

Ei bygd – to folk. Det blei god underhaldning då stiane til turfolket og villbassane møtest på Bjoa 4H sin haustfest sundag 27. oktober. Det måtte både gamle minne, store jur og par-terapi til før medlemmene kunne framføre bursdagssongen for sin eigen klubb; Bjoa 4H blei stifta i 1969 er 50 år i år.

Dette blei også markert i talane til dei spesielt inviterte gjestene som var ordførar Ole Johan Vierdal, representant frå fylkesstyret i 4H, Jørgen Våg Skjold og leiar i Bjoa bondelag, Inga Steinsland.

Det var utstilling frå 32 4H-prosjekt som dekka det meste frå kjøkkenhage og foto til smedarbeid, førarkort og motocross. Tre av medlemmene hadde 50 års historie som oppgåve og stilte ut album og dokument frå 1969 til 2019. Dette blei ein favoritt der mange fann att seg sjølv og foreldre frå tidlegare år i klubben.

Powered by Labrador CMS