Ådne Solheim og Vindafjord måtte innsjå at det ikkje gjekk vegen i 7.divisjonsoppgjeret mot Rubbestadnes.
Foto: Privat
Vindafjord skapte mest, men tapte
Rubbestadneset 2 trekte det lengste strået og vann med to mål i fotballkampen mot Vindafjord IL i 7. divisjon. Kampen gjekk i Vikedal tysdag og resultatet blei 1-3 etter at det stod 0-2 ved pause.
Rubbestadneset stilte med ein ung og løpsvillig tropp, men vindafjordingane kontra med vekt, erfaring og vilje. Heimelaget måtte klara seg utan den som kanskje viser seg å bli sesongens viktigaste spiller, nemleg midtbaneterrieren Trygve Hustvedt Lærdal. Han sat nemleg fast på Austlandet i sin Scania.
Gjestene opna tidleg med to scoringar, men dei brunkledde gav på ingen måte opp. Med litt endringar på formasjon i pausen var Vindafjord klar til å gi Rubbestadneset kamp til siste slutt. Og taktikkeriet gav valuta. Vertane snudde kampbildet i andre omgang og var det laget som skapte soleklart flest sjansar.
Men stillinga sto fortsatt 0-2 ut i andre omgang. Petter Nordskog, kanskje Vindafjord sitt skarpaste våpen offensivt, blei sett inn som spiss igjen etter han hadde hatt nokre minuttar på sidelinja, og den målfarlege Nordskog viste igjen kva som bur i han alt minutta etter han entra banen igjen.