Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Coop Byggmix i Ølen blir lagt ned.

Legg ned butikk i gammal handelsgate

Publisert

— Det er aldri kjekt å ta avgjerda om å leggja ned ein av butikkane våre. Dei tilsette ved Coop Byggmix Ølen har gjennom mange år levert god kundeservice og gjort ein solid innsats kvar einaste dag. Likevel har butikken over tid ikkje klart å nå eit omsetnadsnivå som er berekraftig for vidare drift, seier driftsdirektør i Coop Sørvest, Liv Skretting i ei pressemelding frå Coop.

I pressemeldinga står det at når omsetnaden over fleire år utviklar seg i negativ retning, påverkar det moglegheita til å oppretthalda eit godt og framtidsretta tilbod til kundane. Etter ei heilskapleg vurdering har styret kome til at nedlegging er den einaste løysinga. Samtlege tilsette får tilbod om jobb ved andre butikkar i Coop Sørvest si butikkportefølje.

— Vårt aller viktigaste fokus no er å ta vare på dei tilsette på best mogleg måte. Alle medarbeidarane ved Coop Byggmix Ølen vil få tilbod om jobb ved andre butikkar, og me ønskjer å sikra at denne overgangen blir så trygg som mogleg, seier driftsdirektøren.

Powered by Labrador CMS