André Hustoft Nesheim og Mikael Omsland Zakariassen portrettert før duellen The Voice
Thomas Andersen / TV 2
Spennande duell for André i The Voice
Når André Hustoft Nesheim (30) frå Skjold og
Mikael Omsland Zakariassen (21) frå Larvik går på scenen i fredagens episode av
The Voice, står mykje på spel. Begge imponerte under blind audition, og nå
møtest dei i ein duell der berre éin av dei kan gå vidare.
Mentor Jarle Bernhoft legg ikkje skjul på at han likar det han høyrer.
— Dette blir så fint. Det er altså André og
Mikael, to heilt fantastiske vokalistar. Dei har veldig smittande- og ganske
lik energi, og er begge veldig utåtvente solistar, seier Bernhoft i opptaket
frå øvingane.