Rina Aspmo er ny journalist i Grannar
Irene Mæland Haraldsen
Rina er tilbake i Grannar – nå på andre sida av bordet
Rina Aspmo er Grannar sin nye journalist, og når
ho nå tar plass i redaksjonen, er det ikkje heilt ukjent terreng ho går inn i.
Ho kjenner både arbeidsplassen og kollegaene frå før. 29-åringen har nemleg
vore tilsett i marknads- og produksjonsavdelinga i lokalavisa i fire år, fram
til august i fjor. Då jobba ho både med annonsesal og grafisk arbeid. I august
byta ho beite og takka ja til ei stilling som HR- og rekrutteringsansvarleg i annan bedrift, men er nå tilbake i Grannar. Denne gongen på den
redaksjonelle sida.
— Eg kjenner jo Grannar og har trivst godt med
gjengen her, så nå gler eg meg til ny arbeidskvardag og nye oppgåver, seier
Aspmo.
Interessa for journalistikk kjem heller ikkje ut
av ingenting. Ho har utdanning innan medie- og kommunikasjon, først frå Stord
og seinare frå Etne. Mens ho gjekk på skule på Stord, var ho i praksis i
Kvinnheringen i fleire månadar. Der jobba ho tett med Tomas Bruvik, som den
gongen var redaktør i avisa. I dag er Bruvik generalsekretær i Landslaget for
lokalaviser (LLA).