Her ved Peparen blir både start og mål. Initiativtakarane er Geir Kenneth Tungesvik (f.v.), Vegard Winterthun, Leif Arne Slåke og Sølve Funderud.
Nils Tokheim
Vil visa nydeleg fjelltrasè
Kameratane Vegard Winterhun (36), Geir Kenneth Tungesvik (42), Sølve Funderud (39) og Leif Arne Flåte (39) er alle aktive innan lange løp. Då snakkar ein ikkje klassiske maratonløp på førtito kilometer, noko dei rett nok har bak seg fleire av, men løp på både det dobbelte og meir enn det.
Det dei no planlegg er eit mellomlangt løp i deira eigne heimfjell, og dei håpar det skal bli eit årleg innslag i bygda. Løypa på tjuefire kilometer med seksten hundre høgdemeter korav det meste er over tregrensa. Dermed kan dei kalla det eit skyrace, og det er nettopp det som er namnet - Skånevik Skyrace.
Peparen