Hans Kristian Havreberg trenar mot VM i november. Foto: PrivatHans Kristian Havreberg held fram med å hevde seg i karate på internasjonalt nivå. Arkivfoto: Privat
Hans Kristian Havreberg er spent for konkurranse til helga i det store stemnet British open. Privat foto

Sport

Tredjeplass i England

Grunna korona og skadar har ikkje Hans Kristian Havreberg (27) frå Etne fått konkurrera på internasjonalt nivå i karate dei siste åra. På laurdag slo han til med pallplass i British Karate Kyokushinkai (BKK) British Open i London.

Publisert Sist oppdatert

— Det var utruleg herleg å vere tilbake, seier Hans Kristian Havreberg (27).

BKK British Open er eit tradisjonsrikt stemne med godt rykte i karatemiljøet. For Havreberg var det kjekt å endeleg få delta. Hans Kristian Havreberg konkurrer for Etne Kyokushin karate klubb som blei starta av faren Geir Arne Havreberg i 1982.

Høgt nivå

I London var Havreberg ein av ti deltakarar i lettvektsklassa for menn under 70 kilo. I dei to første kampane slo etnebuen Joran Van Der Loo frå Nederland og sveitsaren Simon Zurluh. I tredje kamp tapte Havreberg mot engelske Callum Champan.

Dermed enda han på delt tredjeplass med Jaafar Rammal frå Libanon. Chapman vann turneringa framfor nederlandske Dave Kientz. Havreberg fortel at han møtte konkurrentar på veldig høgt nivå.

— Tidlegare i sommar hadde eg sagt ja til tredjeplass. I ettertid var det nesten litt bittert, seier etnebuen.

Dette forklarer han med at han var i god form og hadde ein veldig jamn kamp mot Champan.

Hans Kristian Havreberg (f.h.) i kamp mot sveitsaren Simon Zurluh.

Historisk kongepokal

I april blei det arrangert NM i fullkontakt bryting i Bryne. For første gong blei det delt ut ein kongepokal i meisterskapet. Som i blant anna friidretts NM blei denne delt ut på tvers av klassane, slik at det ikkje var nok å ta NM-gull.

Etter å ha vunne mellomvektklassa på suverent vis var det ein einstemmig jury som kåra Havreberg som vinnar. Han tok også sølv i kata.

— Det var veldig kjekt å vinne kongepokalen. NM er alltid spennande, men det var ekstra spennande i år. Det heldt ikkje berre å vinne, men ein måtte også imponere. Det var eit skikkeleg prestisje-NM, fortel Etnebuen.

Suksess i NM er ikkje noko nytt for etnebuen. I 2022 tok han gull i fullkontakt lettvekt 70 og sølv i kata.

Kvardagen er heilt strålande

Hans Kristian Havreberg, Etne Kyokushin karate klubb

Hans Kristian Havreberg med kongepokalen.

Går for VM-medalje

Havreberg satsar knallhardt på karate. I starten av september flytta han til Barcelona for å trene inn mot KWF VM i Arnhem i Nederland i november. Der møtte han ein del utfordringar i starten.

— Eg flytta ned med ein kompis. Leilegheita me fekk heldt ikkje den standaren me forventa, så me sa den opp, fortel Havreberg.

For hans del blei det ein runddans mellom hotell, samtidig som han trena, før han fann ei ny leilegheit. Vennen flytta tilbake til Noreg. Etter ein litt trå start, smiler livet nå til Havreberg i storbyen.

— Kvardagen er heilt strålande. Eg trenar to gonger to timar kvar dag, seier etnebuen.

Han fortel at han trenar med ein av dei beste karateklubbane og trenarane i verda. Det heile starta med at han fekk eit treningstilbod då han var på eit stemne i Barcelona for par år sidan. Nå satsar han på å vere førebudd og i form til å gjere eit godt VM.

— Draumen er medalje, sjølv om det mitt første senior VM, fortel Havreberg.

Hans Kristian Havreberg i trening i Barcelona.

Får folk i form

I tillegg til å konkurrere på høgaste nivå i karate er etnebuen coach i Havreberg Coaching. Mens han er i Barcelona lagar han treningsplanar til cirka 50 kundar frå 11 til 50 år. Cirka 20 av kundane er frå Etne og Vindafjord. Med stor tidsbruk på trening, transport til og frå treningsfasilitetane og jobb på toppen blir det lite fritid. Havreberg klagar likevel ikkje.

— Eg lever i rolege omgjevnadar og likar jobben. Eg er utruleg takknemleg til alle kundane, seier etnebuen.

Til jul reiser han heim til Etne igjen.

— Så får me sjå kva framtida bringer etter det, avsluttar Havreberg.

Powered by Labrador CMS