30. mai 2024: Kongen har stige ut av bilen og er på veg bort til scenen for å møta vindafjordingane. Dronning Sonja kjem bak, og ved sida av henne igjen går statsforvaltar i Rogaland, Bent Høie. Ordførar Ole Johan Vierdal er også med.
/ARKIV: GRETHE NYGAARD
Kongeparet kjem endeleg til Etne!
Endeleg har Slottet offentleggjort dei store nyheitene mange har håpa på i lang tid. Tysdag 26. mai kjem kongeparet til Etne, og kommunen blir første stopp på eit fylkesbesøk der også kongeskipet blir ein del av ramma rundt dagen.
Det var Slottet som torsdag stadfesta besøket i ei
pressemelding. Besøket skjer tysdag 26. mai, altså dagen etter 2. pinsedag, og
ifølgje ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim har kommunen visst om dette ei
stund, men det er først no det blir offentleg kjent.
Fylkesturen startar i Etne tysdag, og går onsdag vidare til kommunane Samnanger og Vaksdal. Torsdag 28. mai avsluttar kongeparet turen med eit besøk i Askvoll kommune. Dermed kan majestetane kryssa av på fire kommunar til, på lista over kommunar dei ikkje har besøkt før. Etter fylkesbesøket i mai gjenstår berre fem kommunar: Beiarn (Nordland), Nissedal (Telemark), Siljan (Telemark), Rindal (Trøndelag) og Høylandet (Trøndelag).
Ordføraren gler seg stort til besøket i mai.