Dei måtte opp klokka seks om morgonen for å koma seg til kampstart på Ekebergsletta i tide. Og før fem minutt var unnagjort hadde målvakt Kevin Moe Nonaj plukka tre ballar ut av nettet. Kolbotn viste seg å vera av eit heilt anna kaliber enn det skåneviksbuen kunne hamla opp med.
— Me mista vel litt motet. Men prøvde å ta oss saman etter pause. Det blei litt betre, men me var jo direkte sjanselause. Får ikkje gjort noko med det no, seier dei to jentene på G14-laget, Camilla Bøthun Vik og Inga Hedvig Voster Vannes.
Domaren har akkurat blese av kampen. Resultat: 0-17.