Suksess og moro på fotballcup
Det var eit yrande liv og knapt ein parkeringsplass å oppdrive i Vikedal då Joker Cup samla unge fotballspelarar på søndag.
Jenter og gutar i alderen 6-9 år frå Vindafjord IL, Ølen IL, Etne IL, Skånevik IL og Sauda IL var med. På fotballbanen avløyste den eine kampen den andre, mens foreldre, søsken og besteforeldre stod på sidelinja og heia fram sine ivrige og flinke fotballspirer.
Leiar i fotballstyret i Vindafjord, Daniel Jansen (22), og Kjetil Larsen leiar for Joker cup Vikedal, seier seg svært nøgd med årets arrangement.