Situasjonsplan.
Skjermbilde
Nå kan du laga situasjonsplan sjølv
Dette
opplyser Etne kommune på si nettside. Ein korrekt målsett situasjonsplan på rett
kartunderlag er eit krav i nesten alle byggjesøknader. Men prosessen er ofte
kronglete og lite brukarvennleg.
Som
først i Noreg har Norkart utvikla eit nettbasert verktøy i e-Torg som gjer det
enklare å laga ein situasjonsplan. Ingen behov for handteikningar eller
avanserte teikneverktøy for å få jobben gjort. Du teiknar direkte på toppen av
eit situasjonskart (det offisielle kartet til kommunen) og får ein ferdig
situasjonsplan på få minutt.
Ifølgje kommunen skal løysinga vera enkel å ta i bruk og ikkje krevja teknisk forkunnskap eller installasjon av programvare. Målet er å gjera prosessen både raskare og meir presis, samstundes som risikoen for feil blir redusert.