Karina Sævik (f.v.) har vore fast Noreg i sine landslagstroppar. Nå fortsett ho klubbkarrieren i Vålerenga. Her saman med Mari Haug Saltnes under jentefotballdagen i Etne i fjor haust.
Arkivfoto: Svein-Erik Larsen
Opna EM med storsiger
Noreg innfridde favorittstempelet og tok ein overlegen 4-1-siger mot Nord-Irland i opninga av EM i England torsdag kveld. Etne-busette Karina Sævik (26) blei bytta inn då Noregs beste kvinner fekk ein draumestart på meisterskapet.
Noreg tok kontroll over kampen på St. Marys Stadium i Southampton frå første stund, og det tok berre ti minutt før Manchester City-spelar Julie Blakstad banka landslaget i føringa frå skrått hold etter eit fint angrep. Tre minutt seinare dobla Arsenal-spelar Frida Maanum leiinga då ho snappa ein svak pasning frå Nord-Irland-keeper Jacquelin Burns, spelte vegg med Lyon-spelar Ada Hegerberg, og enkelt trilla ballen i mål.
Etter ein VAR-sjekk oppdaga dommar Lina Lethovaara ein hands i feltet og Barcelona-spelar Carlone Graham Hansen fekk banke inn 3-0 etter 31 minutt, noko som blei stillinga til pause. Fire minutt etter kvilen fekk til slutt Julie Nelson hedda inn ein corner og redusert for Nord-Irland. Noreg hadde ingen tankar om å sleppe motstandarane inn i kampen, og fem minutt seinare sette Chelsea-spelar Guro Reiten eit lågt frispark i mål.
Som i generalprøven mot Danmark i Viborg sist torsdag kom Avaldsnes-spelar Sævik inn på høyrekanten for Reading-spelar Amalie Eikeland etter 65 minutt som ein del av landslagssjef Martin Sjøgren sin første byttesekvens i EM (trippelbytte). TV2-kommentator Endre Olav Osnes beskreiv at var den beste spelaren på landslagets trening på tysdag. Ho har æra av å bere draktnummer ni i EM, og kan dermed dele statusen som Noregs nummer ni» med Erling Braut Haaland.