Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Morten Frøland og Rune Torstenbø kan sjå fram mot omkamp mellom Ølen og Vats94/Skjoldar 3. juni. Foto: Magne Skålnes
Vats 94/Skjoldar-profilen Morten Frøland netta i den siste kampen for året mot Haugar, medan Rune Torstenbø og Ølen vart det beste laget i Grannar-regionen i 2019.

Ølen sparka i gong haustsesongen

Ølen reiste måndag kveld til Haugesund og tjuvstarta haustsesongen med eit borteoppgjer mot Djerv 1919 2. Hengekampen vart målrik, og Ølen kunne ha fått med seg poeng etter ein sterk sluttspurt.

Begge lag kjempar i toppen av 5. divisjon, og det skilde berre to poeng i heimelagets favør før kveldens kamp. Difor vart håpet tend då Hans Rørtveit sende gjestene i føringa etter 26 minuttar. Men to raske mål frå vertane gjorde at pauseresultatet vart 2-1.

Heimelaget auka til 4-1 etter kvilen, og kampen såg ut til å vera avgjord med kvarteret igjen å spela. Men Ølen sin storskårar, Rune Torstenbø, varta opp med to reduseringar i sluttminutta, men nermare kom ikkje gjestene. Toppkampen enda med eit surt eittmålstap, men Ølen heng endå med i kampen om dei øverste plassane på tabellen.

Powered by Labrador CMS