Torbjørn Hjelmtveit og Petter Haraldseid hadde mange duellar i 1. omgang.
FOTO: ALF-EINAR KVALAVÅG/TYSVÆR BYGDEBLAD
Sport
Ølen med sterk siger i siste seriekamp
Skjold/Stegaberg har spelt jamt mot dei aller fleste laga i årets 5. divisjon. Men ikkje mot Ølen. Der har det vore beksvart, tre gongar på rad.
() Laurdag blei nok ein Ølen-Siger, denne gongen 4–3, i ein kamp der dei fleste på heimelaget for lengst hadde avslutta sesongen i hovudet.
TYSVÆR BYGDEBLADMen så er det dette med kampvilje og gamle sirkushestar. Det måtte meir til enn at Morten Mæland, etter press frå Lars Ivesdal, sette ballen i eige mål etter eit kvarter før det blei litt duellar, roping og klaging i beste 5. divisjonsstil.
— Det var vel ein klassisk stang-inn-skåring, gliste Sander Hettervik frå benken etter at han og halve laget blei bytta ut til pause. Hettervik klarte det som Håkon Mannsåker og Adrian Tjomsland ikkje fekk til før kvilen, nemleg å skåre. 1–1-målet var av det solide slaget.