— Slapp av, eg har kontrollen, seier Lars Øvernes, som var banens beste mot Ølen,
FOTO: MAGNE SKÅLNES
Sport
Naboduell for fulle tribunar
Korkje Ølen eller heimelaget Etne kunne skilte med den store poengfangsten i den lokale 5. divisjonen før kveldens oppgjer. Men denne kampen var av det slaget der ingen av laga hadde lyst til å tape. Kampen byrja litt nølande. Det var forventa at Ølen ville ha ballen mest i oppgjeret, men Etne var med på notane i den første omgangen.
Ølen hadde ein ball i nettet, men Torbjørn Hjelmtveit var i offside då han mottok ballen. Etne hadde ein god periode midtvegs i omgangen då dei hadde ballen eindel på Ølen sin banehalvdel, og det var ikkje heilt ufortent då heimelaget tok leiinga etter 24 minutt. Sondre Haugen var sistemann på ballen for Etne, men det var muligens ein Ølen-spelar som fekk ballen over linja til slutt.
Mål etter mål