Vats 94/Skjoldar skal spele 7. divisjon i år. Lag høgare i divisjonssystemet vil kanskje prøve å plukke opp Daniel Urdal sin frisparkfot.
Arkivfoto: Svein-Erik Larsen
Klarte ikkje stå imot
— Me møtte eit betre lag og tapte fortent, uttrykka ein skuffa Aass etter kampslutt. Til slutt enda det med 5-0 siger til laget frå Karmøy.
Kompakte lenge
Vedavåg var nær å få ein pangopning då dei trefte tverliggar i første angrep etter avspark. Karmøylaget fortsette å ha initiativet, men gjennom defensiv organisering klarte Vats/Skjoldar lenge å hindre dei i å skape fleire store sjansar.