Juniorjenter til topps i 1. divisjon
Vindafjord J17 har ein svært god sesong bak seg. Seriemeister i 1. divisjon avd. 1 i Rogaland, og denne helga spelte laget finale i OBOS-cupen.
Førre torsdag vart det avgjort i siste serierunde at Vindafjord j17 vart seriemeister i 1. divisjon avd 1. Motstandar på Ølen SR-Bank stadion skulle vore Kopervik, men dei kunne ikkje stilla lag til kampen. Difor vart Vindafjord tilkjent sigeren og tre poeng. Nord havna på same poengsum, men kunne ikkje matcha 25 plussmål, slik Vindafjordjentene enda på.
Laget vann overlegent sin 2. divisjonsavdeling før sommaren, og rykka opp til 1. divisjon i haust. Men det har vorte få kampar i 1. divisjonspulja denne hausten. Trenar Anne Elise Aarekol Kirketeig, som er i teamet saman med Anne Marit Helgevold Heggebø, er ikkje heilt nøgd med opplegget kretsen har hatt for dei ivrige jentene.
— Med berre sju lag i pulja, og der eitt av laga trakk seg, har det berre blitt fem seriekampar i haust, seier Aarekol Kirketeig, og fortel vidare at dei prøvde å få kretsen til å sjå på moglegheitene til å spela dobbel serie, men utan hell.