Heimelaget blei for sterkt
Ølen innfridde favorittstempelet då Skånevik vart slegne 5-1 etter å ha leia 2-0 til pause. Skånevik står då endå med det eine poenget dei fekk i den første runden, heime mot Nord.
— Me tapar fortent i kveld, seier Skånevik sin målskårar Ove Straumsøy.
— Me kjem frå to kampar der me har tapt på overtid. Det var verre å svelgje enn dette tapet som vart såpass klart.
Straumsøy legg til at dei nå ser fram til tre heimekampar på rad, etter å ha spelt fire på utebane.
Gjer jobben
— Me gjer jobben vår i kveld, men heller ikkje meir, seier Ølen-kaptein Magne Christiansen etter kampen.
— Men eit 5-1 resultat er bra, spesielt etter at me snubla mot Nord sist.
Han og laget ser nå fram til kamp mot Etne i Rogalands-cupen på måndag, og toppkamp mot Sauda om éi veke.
Lite dramatikk
Sjølve kampen fekk aldri opp den store temperaturen i ruskevêret. Rune Torstenbø noterte seg for to fulltreffarar i første omgang. Roger Vaka gjorde slutt på all spenning kampen med si fine skåring tidleg i 2. omgang.
Sjølv om målmaskinen Ove Straumsøy reduserte til 3-1 like etter, kom aldri Skånevik nærmare. I staden utnytta Ølen trøytte Skånevik-bein til å skåre to mål til i sluttminutta.
Kampfakta
- divisjon herrar
Ølen SR-Bank Stadion torsdag 21. mai
Ølen IL – Skånevik IL 5-1(2-0)
20 min 1-0 Rune Torstenbø
27 min 2-0 Rune Torstenbø
56 min 3-0 Roger Vaka
62 min 3-1 Ove Straumsøy
85 min 4-1 Håkon Stople
87 min 5-1 Magne Christiansen
Gult kort: Oliver Vestbø, Ølen
Dommar: Morten Johanessen, Åkra IL
Tilskodarar: 40