Førebur seg på tøff sesong
Lite snø og frost gjer at det er gode treningsforhold for fotballen. Med dei nye kunstgrasanlegga som har kome dei seinare åra i Vindafjord og Etne, kan treningar haldast utandørs nærast året rundt.
Gode treningar kan koma godt med når ein veit at seriestrukturen for fotballen i Noreg vart lagt om i fjor. På grunn av dette rykte mange av laga som vanlegvis er å finne i 4. divisjon, ned éin divisjon. Den lokale 5. divisjonen vil dette året bestå av heile 14 lag. Utanom dei tre laga i Grannar-regionen, finn ein klubbar som Vedavåg, Sauda, Haugar, Stegaberg, Torvastad, Hemmingstad og Skudenes.
Det er klart at årets sesong nok blir ei større utfordring enn fjoråret då Ølen, Etne og Vats94/Skjoldar kom på høvesvis 3., 4., og 5. plass på tabellen. Det skal noko til at laga vil kjempe heilt i toppen. Meir sannsynleg er ein plass rundt midten av tabellen dette året.