Fjordar-damene vann tett kamp mot Haugar 2
Fjordar tok i mot Haugar 2 til eit oppgjer i toppen av 4. divisjon onsdag kveld. Heimelaget gjekk ut i hundre, og pressa bortelaget hardt dei første minutta. Stormløpet enda med at Fjordar fekk straffe etter omlag 10 minutt, og Thea Karoline Blikra gjorde seg klar frå ellevemeteren. Men den skåringsvante spissen fekk til eit dårleg treff denne gongen, og Haugar-keeperen greidde å redda forsøket.
Etter dette endra kampen seg noko, og gjestene hadde overtaket på spelet utover omgangen. Venstrekanten til Haugar 2 var den farligaste spelaren til bortelaget, og etter 37 minutt sprang ho igjennom og runda keeper, og trilla ballen i tomt mål. Dette var ein kalddusj for Fjordar, som måtte gå til pause med 0-1.
God sentrallinje