Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Laga på veg ut på bana til nabo-oppgjer. FOTO: MAGNE SKÅLNES
Laga på veg ut på bana til nabo-oppgjer.

Fartsfylt og tett nabo-oppgjer

Publisert Sist oppdatert

Heimelaget sette standarden tidleg, og fekk eit initiativ i kampen. Allereie etter 6 minuttar fekk Skjoldar straffe etter at Thea Karoline Blikra vart hindra i kamp om ballen. Ølenspelarane meinte det var noko lettkjøpt, men dommaren peika resolutt på straffemerket. Gjertrud Blikra gjorde ingen feil frå ellevemeteren, og heimelaget gjekk opp i ei tidleg 1-0 leiing.

Resten av omgangen vart prega av mange duellar og midtbanekjemping. Alt i alt hadde heimelaget dei fleste sjansane, men Ølen var aleine gjennom ved Tiril Ivesdal, men Silje Berge i Skjoldar-målet redda meisterleg. Thea Karoline Blikra var svært nær å skåre for Skjoldar heilt på slutten av omgangen, men forsøket gjekk til side.

Dermed stod det 1-0 til pause. Den jamne kampen heldt fram i andre omgang, men Skjoldar hadde litt meir å kome med på den siste tredjedelen av bana. 2-0 kom etter hjørnespark frå høgre på panna til Thea Karoline Blikra. Ballen fór mot målet, og sneia borti Kristin Vestre Skree, som nok blir kreditert målet. Heimelaget burde nok auka leiinga endå meir i denne perioden, men marginane var imot då heile tre skudd enda i tverrliggar eller stolpen. I staden byrja bortelaget å visa meir igjen på bana, og då Synne Norland reduserte til 2-1 med ein halv time igjen på klokka, var det uvisst korleis utfallet skulle bli.

Powered by Labrador CMS