André Villa i aksjon.
Foto: andrevilla.com
Får pengar til show
— Tusen takk, skriv NMK Vikedal i ei historie på Facebook.
Går alt etter planen, vil storstjerna innan Freestyle Motocross, André Villa, bli å sjå i aksjon på Vikedal motorbane til våren, moglegvis i samband med Vestcup motocross. I november fortalde leiar Sondre Nordtveit i MX-gruppa i NMK Vikedal at dei hadde snakka med Villa, som hadde gitt dei eit tilbod. Dei var allereie i gang med arbeidet med å finansiere showet, slik at dei kan tilby ein rimeleg inngangsbillett til alle som vil ta turen.
André Villa er ein norsk profesjonell Freestyle Motocross-utøvar som har deltatt på toppnivå i mellom anna VM, Red Bull X-Fighters og X Games, som er ein av verdas største ekstremsportkonkurransar. I dag reiser han verda rundt med sine spektakulære show.