Svein Halldor Skare i SK Vats 94-drakt. ARKIVFOTO
Får opprykk i julepresang
Svein Halldor Skare i Fjordar-samarbeidet mellom fleire idrettslag i Vindafjord, fekk denne veka ein overraskande telefon frå Norges Fotballforbund.
Etter ein svært mager poengfangst for Vats94/Skjoldar/Vik, med ein siger og ni tap på ti kampar i 7. divisjon i haustsesongen, var spørsmålet likevel om laget ønskjer å rykka opp til 6. divisjon. Dei enda sist av seks lag i avdelinga si, der Ølen 2 kom på andreplass bak Haugar 2.
Glad for 11ar-fotball
Laget skiftar frå neste sesong namn til Fjordar etter at Vindafjord IL sin ungdomsfotball blir ein del av samarbeidet. Det vil i praksis seia at bygdene Imsland, Vikedal og Sandeid kjem i tillegg til Vats, Vikebygd og Skjold.