Adelina Busthian (16) er sterk i klypa og fatta interesse for handbak. No er ho i gang med ein ny klubb i Vindafjord. Her i armkamp med Simon Hegerland.
FOTO: Jon Edvardsen
Eit grep for sterke armar
I bygdehuset i Ølensvåg er det mange overarmar det ikkje er lett å gripe rundt. Gjengen frå Hardanger Handbak er kanskje ikkje der ein bør starte med å bryne seg i handbak. Men dei har ein god del å lære vekk. Tempoet er forsiktig og bedageleg, men ei og anna sveitteperle piplar fram frå panna.