Bjørn Johannessen
Arkiv
debatt
Ny kommunedirektør i Vindafjord
Dette er eit lesarinnlegg. Innhaldet gir uttrykk for skribenten sine eigne meiningar og haldningar.
Vindafjord kommune takkar nå av kommunedirektør som har tjent kommunen godt i mange år. Det verkar som kommunestyret har funnet ein godt kvalifisert person med utsikter til stabilitet over mange. I tider der innsyn, tillit og politisk kontroll er på dagsorden på alle plan i samfunnet -frå små kommunar til storting/regjering (og ute i den store verden), vil demokratisk innstilling vere ein viktig egenskap for ein ny kommunedirektør. Kommunedirektøren med sin stab/administrasjon har to hovudoppgåver. Kommunedirektøren har ansvar å legge til rette for at våre folkevalde kan utvikle politikk i tråd med verdier og prioriteringar innbyggjerane har vald dei inn på. Kommunedirektøren har vidare hovudansvaret for at vedtatt politikk blir gjennomført i tråd med politiske prioriteringar gjennom kommunen sine tjenester og service til innbyggjerane.
Det er kommunestyret som har ansvar for oppgåvedelinga mellom dei folkevalde og kommunedirektør - t.d. gjennom delegasjonsvedtak. Det mange nå oppdagar er at det har skjedd ei gradvis glidning frå politisk styring til teknokratisk/administrativ styring (rådmannsveldet). Dette heng sansynlegvis saman med at kommunen har fått stadig fleire og meir kompliserte oppgåver. Då blir det freistande å lene seg på ein fagleg dyktig kommunedirektør med sin stab av dyktige fagpersonar. Eit farleg politisk argument er at det blir ei meir effektiv drift av kommunen. Demokrati er involvering, medverknad og meiningsbryting mot løysingar der innbyggjerane opplever seg høyrde (men ikkje altid einige). Eg vil tru at mange folkevalde i kommunestyret opplever seg som lite involvert og “sandpåstrøyerar” i høve til politikken – i alle høver dersom dei ikkje er representert i formannskapet.