Monica Eilertsen Vaka under ei turnering i 2017.
Foto: Privat
Blei verdsmeister i poker
Natt til onsdag vann Monica Eilertsen Vaka (32) turneringa World Championship of Online Poker (WCOOP). I tillegg til pokal og verdsmeistertittel tek ho med seg ein pengepremie på 4702 dollar, nesten 50.000 norske kroner, frå turneringa.
Sigeren kom i pokervarianten 2-7 Single Draw. 209 spelarar deltok i turneringa.
Eilertsen Vaka, som spelte si første pokerturnering i 2009, blir rekna som ein av Noregs beste pokerspelarar og utmerka seg spesielt då ho gjekk til topps i Ipoker Festival og vann over ein million kroner i desember 2021. VM-gullet i nettpoker gir ølensbuen sjølvtillit inn mot Poker NM, som blir arrangert på Gardemoen mellom 2.- og 9. oktober og blir sendt på TV2.