Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Dagleg leiar Knut Inge Haraldseid i Rørlegger Haraldseid AS.

Unngå tette avløpsrøyr i jula

Publisert

— Matfett skal ikkje i avløpet. Det skal i restavfallet, seier røyrleggjar Knut Inge Haraldseid i Rørlegger Haraldseid AS i Skjold.

Matfett som blir tømt i vasken eller i toalettet skapar store problem. Stivna fett som legg seg på innsida av røyra kan føra til tette røyr når det når det kjem ut i avløpsnettet. Og endar fettet i kommunale avløpssystem kan det auka risikoen for rotteplager.

Det beste ein kan gjera for å unngå fett i avløp er å tømma restar frå juleribba, pinnekjøtet eller andre fettrike matrettar i tette behaldarar som seinare blir kasta i restavfallsdunken. Ein tom mjølkekartong eller ei tom flaske kan nyttast som behaldar. Har du store mengder fett eller matolje skal dette leverast til ein gjenvinningsstasjon.

Powered by Labrador CMS