Gåvekort og rimelegare produkt tek meir og meir over for dei store, dyre julegåvene, viser analysar av nordmenns ønskjelister.
Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Tydeleg endring dei siste åra – dette ønskjer nordmenn seg til jul
Kva er så på toppen av ønskjelistene i år? Godteri? Nei. Skjerf? Nei. Svaret? Treningssokkar! I alle fall om ein spør Ønskeskyen, som har kartlagt 825.249 norske brukarars ønskjelister mellom 26. november og 9. desember.
– Treningssokkar er ønske som toppar listene hos flest brukarar på tvers av kjønn og alder. Det praktiske og sporty valet har teke leiinga – sjølv om Airpods Pro, som toppa ønskjelistene i fjor, framleis ligg høgt som den moderne klassikaren under juletreet, seier Casper Ravn-Sørensen til NTB.
Han er ein av gründerane bak den danske appen, som saman med den norske konkurrenten Ønsk har vorte svært populær dei siste åra.