Sport
Best i Hordaland
— Å bli hordameister er høgdepunktet i karrieren min så langt. Det er ganske hard konkurranse om den tittelen, seier Kjell Helge Berge.
Han vann klasse 2, som består av liggjande og kneståande skyting. I tillegg til sigeren til Berge kom Kjetil Matre frå Fikse Skyttarlag på tredjeplass i si klasse.
God sesong
Berge fortel at det var mange påmelde i klassa, og at det til slutt var mellom 15 og 20 som skaut. Av desse fekk sju–åtte skyte finale. I finalen skaut han 99 poeng frå skive 3 og gjekk heilt til topps i meisterskapet.
For Fikse-skytarane har det vore det han omtalar som gode resultat på stemner rundt omkring. Som følgje av fleire gode resultat dei siste månadane hadde han litt forhåpningar før konkurransen i Bergen.
— Ein har alltid eit håp om å kome på toppen, men det er ikkje alltid ein klarar det, seier Berge.
Stor dugnad
Karrieren til Berge som skyttar starta i ungdomsåra, men han gav seg i 17–18-årsalderen. I vaksen alder tok han opp igjen skytinga, og no går det mykje tid til trening, stemner og reising. Spurt om mål for framtida svarar Fikse-skyttaren at han har ein plan om å begynne å trene på ståande skyting for å meistre også denne forma.
Laurdag arrangerer Fikse Skyttarlag finalen i Westcon Cup. Berge er ein av fleire skyttarar frå arrangørklubben som skal i aksjon. Han vil prøve å gjere det best mogleg og sjå om han klarar å hevde seg i toppen.
— Det skal bli artig å vere med og arrangere stemnet, seier Berge.
Laurdag skal det konkurrerast i fleire øvingar. Om lag 45 deltakarar frå Haugalandet og Sunnhordland – til dømes Skånevik, Haugesund, Sveio, Stord, Tysnes, Karmøy og Bremnes – kjem til Fikse.
Til dagleg driv Berge med graving og grunnarbeid i Berge Maskin og Entreprenør AS, som gjorde grunnarbeidet på 200-metersbanen, som stod klar i 2022. Berge snakka med Grannar onsdag føremiddag. På kvelden var han med eldsjeler i skyttarlaget på dugnad.
— Me skal montere opp skiver på 200 meter, vedlikehalde skivene på 100 meter, og rydde og stelle slik at det ser fint og klart ut til stemna i helga, avsluttar Berge.