Først ut er 27-åringen som alt til helga skal køyra NM-finale i rallycross i klasse Supernasjonal inntil 2000 kubikk. Aarekol må venta til første helga i oktober før spenninga blir utløyst i NM crosskart. Båe ligg heilt i teten i samandraget.
Daniel Holten set nå kursen austover til Momarken bilbane der kampen om NM-gullet i rallycross 2019 skal stå.
— Eg gler meg til dette løpet. Etter gode resultat og poengfangst i dei tre siste løpa, håpar eg på å halda fram denne trenden, seier Holten, før han legg til at det er så tett i samandraget at kvar minste detalj er viktig og kan vera avgjerande til slutt.
Han kjem til å ha anna fokus i dette løpet enn elles ettersom det ikkje er så viktig med bestetider denne gongen.