Sport
Ball skapar samhald
Alle 30 deltakarane spelte på lag i løpet av kvelden under årets første onsdagsturnering i sandvolleyball i Vikedal. Den Sandeid-busette ukrainaren Artem Mitasov (18) synest det er kjekt å få spele med alt frå aldersbestemte landslagsspelarar til folk som ikkje spelar volleyball til vanleg.
— Det var veldig bra å spele denne turneringa, seier Artem Mitasov (18).
Ukrainaren kom til Noreg for eit år sidan og spelar volleyball aktivt til vanleg også. Dette var den første av til saman seks onsdagar i mai og juni med gratis turneringar på dei fire sandvolleyballbane i Vikedal. Deltakarane rullerer på makkerar gjennom turneringa. Turneringa har blitt arrangert i fleire år. Leiar Anja Våg Skjold i volleyballgruppa i Vindafjord IL fortel at den har blitt og litt større for kvart år.
— Dette er eit lågterskeltilbod. Her har me deltakarar på alle nivå, seier Våg Skjold.